Til alle interesserte og følgerar av Eide Økogrend

Det er ei god stund sidan eg har lete høyre frå meg. Av respekt for alle de som har vist interesse for planane og som har kontakta meg og lurt på korleis det går, så beklagar eg dette sterkt.

Årsaka ligg blant anna i utfordringar på grunn av eige sjukdomstilfelle, samt koordinering av plansaka opp mot kommunen si rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA).

Den største utfordringa har derimot vorte at ein annan aktør er komen inn i biletet og har kjøpt hamna på Eide. Dette er i ferd med å gi denne aktøren fullstendig kontroll på den vidare utvikling av grenda og i svært stor grad begrense mogelegheitene for konseptet Eide Økogrend. Hamna har vore ein heilt sentral del for utvikling av Eide Økogrend.

I januar 2016 blei det gjennomført eit folkemøte på Eide der planane for Eide Økogrend blei nærmare presentert. Veldig positivt møte der saka blei godt motteken. Deretter oppstod ein situasjon der kommunen starta revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Det blei då teke eit val om å vente med vidare planprosess for Eide Økogrend for å koordinere dette med kommuneplanarbeidet. Planane for Eide Økogrend blei sendt inn som formelt innspel til kommunen sitt planprogram for ny KPA.

Så skjedde det fatale at Kystverket (tidlegare Hamnevesenet) bestemte seg for å selje hamna på Eide. Salet skulle gjerast etter fylgjande prioritet: fyrst til staten, – dersom ikkje staten var interessert, så kommunen, – deretter til allmennyttig organisasjonar og så eventuelt sal til private til slutt, om ingen andre var interessert.

Eg hadde i lang tid gåande ein korrespondanse med Kystverket og Forsvarsbygg. Det vart peika på det urimelege i at Kystverket i det hele tatt skulle ha mogelegheit til å selje ei almenningskai og almenningsmoloar til ein privat aktør.

Far min og hans nabo, gav i sin tid grunn og landfeste til moloar samt vegrett. Nabo gav i tillegg alle steinmassar til moloar. Dette gjorde dei i samarbeidet si ånd, og under ein openberr føresetnad om at etableringa skulle kome grenda og allmenta til gode. Dei hadde aldri gjort dette dersom dei viste at Kystverket skulle selje hamna til en privat aktør seinare.

I 2016 etablert eg ein ideell/allmennyttig organisasjon «Eide Kunnskap og Opplevelse» (EKO). På vegne av EKO gav eg så tilbod, – av prinsipp svært lågt til å begynne med, då eg i prosessen med Forsvarsbygg hadde peika på at det einaste riktige ville vere at Kystverket gav hamna tilbake til grenda utan kostnad.

Mitt tilbod enda med å bli samanstilt med den private aktøren, som i dette tilfelle hadde vesentleg fleire ressursar. Det blei derfor heilt nyttelaust å by mot denne parten, og eg gav opp å gi ytterlegare tilbod. Hamna blei dermed selt til aktuelle aktør.

I august 2019 gjennomførte den nye eigaren/aktøren saman med kommunen eit folkemøte der det ble gitt ei grov orientering om aktuelle planar. Det var mange frammøtte og stilt mange spørsmål. Det blei lova eit godt samarbeid.

Rett etter møtet tok eg så kontakt med ny eigar og fortalte om eigne planar og oppfordra til samarbeid. Sjølv om eg var sterkt imot planen til aktuelle aktør, valte eg likevel å ha ein positiv innstilling. Ja, faktisk vart det teke kontakt med denne aktøren allereie i april 2019, då ein skjøna kven dette var.

Så høyrte verken eg eller andre noko som helst, før det blei motteke varsel om oppstart av reguleringsplan. I oppstartsmøte som aktøren sin plankonsulent hadde med kommunen gjorde kommunen ei særdeles grov unnlating ved å la vere å orientere om den pågåande planprosessen for Eide Økogrend.

Planforslaget til aktøren har sidan fått nærmast ekspresshandsaming vidare i kommunen. Det er gjennomført aktiv argumentasjon mot prosessen og planane frå meg og andre i grenda, utan at dette er blitt teke spesielt omsyn til. Vi har opplevd at merknadene i stor grad er blitt bagatellisert i plankonsulenten si framstilling.

Aktøren sin plankonsulent leverte så planforslag inn til 1.gangshandsaming før ferien i år. Etter omfattande argumentasjon, klarte vi der å få politikarane til å returnere planforslaget til administrasjonen med oppfordring til dialogmøte og koordinering av planforslaga. Så langt har ikke det lukkas å få til.

Det er vorte særdeles krevjande å stå i prosessen. Opplevinga er at kommunen favoriserer den andre parten i så stor grad uansett, at det ikkje er verdt å legge meir energi i dette.

Eide økogrend skulle vere eit godt og vennleg prosjekt med ei god ånd. No er prosjektet vorte noko heilt anna. Det har fått altfor mykje negativitet, sinne og ego knytt til seg. Slik kan det ikkje vere.

For rundt 3 år sidan såg eg føre meg at eg i 2021 ville ha mykje av tida mi på Eide som ein prosjektleiar for utvikling av Eide Økogrend. Slik er det ikkje vorte, og slik vil det ikkje bli.

Eg er svært lei meg for det, men eg har no teke avgjerda om at initiativet- og konseptet Eide Økogrend vert lagt ned.

Nettsida og FB vil ligge open ei stund til for å nå fram med denne beskjeden.

Tusen takk til alle som har inspirert meg, gjeve meg gode idear og vist interesse for planane og ynskje om å ta del i prosjektet, (tidlegare omstillingsorganisasjonen i Hyllestad; UWC RCN, Sogn Jord og Hagebruksskule, Findhorn Foundation, NaKuHel, Inn på tunet, Bergen Økologiske landsby, Hurdalsjøen Økologiske landsby, Norges Vel, Pengevirke, Norsk Økosamfunns Foreining, Norsk permakulturforening, …. med fleire)

Beste helsing
Magnar Eide

Aktuelt

Aktivitetar

Det er for tida ingen planlagte aktivitetar