Staden Eide


I Åfjorden, ein liten parallell fjordarm til Sognefjorden i Hyllestad kommune i trivselsfylket Sogn og Fjordane, finn du grenda Eide. Grenda ligg vakkert til, omkransa av fjord, fjell og vatn, og navnet kjem frå eidet mellom Åfjorden og Eidevatnet.

Tidlegare var Eide eit livleg lite bygdesamfunn. Folk dreiv gardsdrift og fiske. Der var butikk, postkontor, kloggeverkstad, båtbyggjeri og rutebåt, men gjennom åra har aktiviteten stilna og i dag ligg bygda der og ventar på ei ny framtid.

Med sin unike lokalisering og naturgitte eigenskapar har Eide eit stort potensiale, og er ideell for tanken om å skape ei økogrend.

Frå Bergen rekk du Eide med bil på 2,5 – 3 timar. Frå Førde er det 1 time og 20 min.

Til kommunesenteret på Hyllestad er det 15 min. Til Sørbøvåg og butikk er det 3 km.

Omgjevnandene byr på variert og flott natur med mange moglegheiter. Besøk oss på Facebook for å sjå fleire foto frå Eide.

4

Bygda Eide i Hyllestad kommune.

5

Utsikt frå Skorpa.

6

Utsikt mot vest, i bakkant av Eide.

2

Eide er ei vestlandsk perle i naturskjønne omgjevnadar.

1

Kort avstand til både fjord og fjell.

Aktuelt

Aktivitetar

Det er for tida ingen planlagte aktivitetar