Kva er Eide Økogrend?


Eide Økogrend er ei levande og moderne grend, tufta på eit berekraftig levesett som gjev inspirasjon og moglegheit til å leva det gode liv.

– Vår visjon

 

Målsettinga til Eide Økogrend er å skape eit nytt næringsgrunnlag og ny busetting på Eide innanfor rammer og prinsipp av ei økogrend / ein økolandsby. Gjennom etablering av ei rad av aktivitetar vil vi skape eit tilstrekkeleg livsgrunnlag og moglegheit for ny busetting.

Aktivitetar vil vere relatert til omgrepa natur, kultur, helse og kunnskap – som til dømes: grøn omsorg, arbeidstrening, kurs/opplæring/forsking, kulturtiltak, alternativ gardsdrift, helseturisme, økoturisme og geoturisme.

Kunnskap står sentralt. Her skal det arbeidast for å legge til rette for etablering av ei rekke kurs og opplæringstilbod knytt til omgrepa ovanfor.

Det er i dette høve knytt kontakt med UWC RCN (United World College Red Cross Nordic) og Sogn Jord og Hagebruksskule

Det er allereie gjennomført fleire PBL (Project Based Learning) med UWC RCN.

Eide Økogrend vil vere:

– Ein plass å bu og leve på berekraftig vis
Korleis: miljøvenlege hus, lokal matproduksjon med rådvarer frå land og hav, tid til å ta vare på kvarandre, kunnskap om berekraft.

– Ei grend som skapar innovative berekraftløysingar
Korleis: gjennom testing og utforming av buformer, matproduksjon, forsking/kunnskap og læring. Heilskapleg planlegging.

– Ei levande grend som er sjølvforsynt med: natur, kultur, kunnskap og helse
Korleis: Grøn omsorg, retreats, velvære, kulturarrangement, eigne og eksterne hus, deling av erfaring/ formidling.

– Eit framtidsretta levesett (forbruk, kunnskap, berekraft, økologi, tid)
Korleis: mindre forbruk, ordne og lage sjølv. Gjenbruk/ bytte. Dele kunnskap og resursar, produsere eigen mat, tid til å leve.

– Del av eit større berekraftmiljø
Korleis: Kvalitetar, moglegheiter og avklaringar i mikro/ meso/ makro-miljø

– Inspirerande natur
Korleis: opplevingar knytt til fjord, fjell, hav og vatn

Drifta er tenkt organisert gjennom etablering av tre ansvarsområde, med ein person knytt til kvart området. Sjå sida Bli med for meir informasjon.

sol

Sjølvforsynt i vakker natur.

Aktuelt

Aktivitetar

Det er for tida ingen planlagte aktivitetar