Ein dag i Eide Økogrend


Du kjem til Eide ein strålande vårdag i 2020. Du har høyrt så mykje spanande om denne grenda som har hatt slik utvikling sidan etableringa. Ryktet fortel at Eide er vorten den sentrale staden for berekraft på Vestlandet.

Du nærmar deg staden og fjord og landskap opnar seg i eit fantastisk vidsyn. Eide ligg der med grøne enger og bakkar, hus og folk. Fjorden dreg blikket ditt mot vest der du nesten ser havet. På andre sida av fjorden ser du Skorpa, som du har høyrt er vorten ein del av grenda no. På toppen av Eidebrekka møter du gardstunet der administrasjonen og dei sentrale bygningane knytt til drift og undervisning ligg. I administrasjonen finn du mykje informasjon om grenda og dei ulike aktivitetane.

Gardsdrift og matproduksjon

Her er ein liten kafe og eit bakeri, og her møter du personen som har med gardsdrift og matproduksjonen og gjere. Han tek deg med på omvising på garden. Her er liv og røre. Ute på markene er det folk som driv med opparbeiding av åkrar som skal såast. Ein skuleklasse er på besøk og tek del i arbeidet. I drivhusa føregår det arbeid med planter som skal levarast for sal. Ein annan skuleklasse kosar med nokre geiter som er i ein innhegning. I eit lite butikklokale sel dei økologiske matvarer som er vorte meir og meir etterspurt. Du vert fortalt at økogrenda er sjølvforsynt med alt av grønsaker. Det er også starta eit prosjekt der produksjon knytt til bruk av tang og tare i matproduksjon blir utvikla. Eit nyetablert mikrobryggeri på staden har og nettopp byrja å produsere økologisk øl.

Kurs og undervisning

Nede ved eit av undervisningslokala møter du personen som har ansvar for kursverksemda og besøk til grenda og turismedrifta. Ho fortel om dei ulike kurstilboda som grenda tilbyr. Akkurat no føregår det eit kurs i permakultur i eine rommet, i eit anna driv dei og lagar ulike dekorasjonar, og i eit tredje føregår det eit kurs knytt til arbeidstrening. Det er fleire kunstnarar som har etablert seg i grenda og desse held også ulike kurs innimellom. Ein av bebuarane i grenda har planar om å starte eit lite båtbyggeri for tradisjonelle trebåtar og halda kurs innan dette.

Det er mange som ynskjer å kome og bu for kortare periodar i grenda, noko som ho tek seg av. Dette kan vere personar som ynskjer å drive med parsellhage mens dei er der. Det er då til dømes mogleg å bu der ein periode på vårparten og jobbe med parsellhagen, for sidan å kome attende på haustparten for hausting. Ho fortel deg også at grenda no er vorten eit svært populært reisemål knytt til turisme og naturopplevingar i området. Grenda gjennomfører guida turar. Det er mogleg å leige båt eller bestille fisketur til havs. Ved kaia ligg det ein båt som tek deg til Skorpa om du ynskjer det. Nede ved vatnet ligg det kanoar til låns. Ein skuleklasse driv med kanopadling og er på veg til andre sida for å sjå på vikinglandsbyen som er under oppbygging. Ho fortel at mykje av inntektene i grenda kjem frå kursverksemda og turisme. Nedanfor gardstunet ligg ei flott lite kulturhus. Der held dei på og førebur konsert til kvelden. Lokale krefter skal opptre.

Bygg og infrastruktur

På ein kolle ovanfor sjøen føregår det livlig byggeaktivitet. Her er det kome opp fleire nye hus som folk er flytta inn i og fleire er under bygging. Her møter du personen som har med alt av nybygg i grenda og forvaltning drift og vedlikehald å gjere. Han fortel deg ivrig om lågenergibustader og byggemetodar. Han fortel at grenda har lagt til rette for sjølvbygging for dei som ynskjer det. Han held også kurs relatert til bygg og vedlikehald. Han fortel også at det no er så stor etterspurnad etter hus at ein snart må legge til rette for fleire tomtar. Det er også under planlegging fleire mindre leilegheiter for å møte den auka etterspurnaden til å kunne ta i mot fleire korttidsbesøkande.
Det er satsa på alternative avlaupsmetodar og han viser deg bygningen som tek seg av avlaupsvatnet. Det ser ut som ei drivhus, der det er planter som tek seg av reinseprosessen. Han viser deg også naturbarnehagen som grenda har oppretta.

Det mest spanande prosjektet om dagen er likevel vikinglandsbyen som er under opparbeiding.

Etter omvisinga i grenda vandrar du ut på moloen i hamna. Lukta av vår og sjø pirrar deg i nasen. Inntrykka har gjeve deg energi. Det nærmar seg kveld, men sola kastar enno lys innover landskapet. Fleire personar er komne til båthamna og gjer seg klar for ein fisketur på sjøen. Du har ordna deg eit rom for natta og lurer på om du skal vere med og prøve fiskelukka for kvelden.

7

Eide Økogrend – i samspel med naturen.

Aktuelt

Aktivitetar

Det er for tida ingen planlagte aktivitetar