Bli med


Vil du vera del av eit økologisk pionerprosjekt?

Vi søkjer tre resurssterke frivillige personar som ynskjer å bidra til å utvikle prosjektet, og på sikt kan sjå for seg å busetje seg på Eide. Tanken er at desse tre, saman med prosjektleiar Magnar Eide, går inn i fase som omhandlar konkret planlegging, budsjettering og finansiering, for deretter å avdekke vidare nivå på satsinga. Ein del av oppgåvene vil gå på å søkja midlar og finansiering.

Ansvarsområde 1: Matproduksjon – landbruk og havbruk
Vi ser etter deg som er ein resursperson på matproduksjon, og som brenn for å etablere økologisk matproduksjon på Eide. Overordna oppgåver vert å ha ansvar for jordbruk og havbruk på Eide. Dette inneber arbeid med driftsplanar og budsjett for ein matproduksjon som kan skape både inntektsgrunnlag og sjølvforsyning for Økogrenda. Vi ser etter nokon med landbruksbakgrunn, gjerne innan økologisk produksjon/ permakultur, samt interesse for innovative satsingsområder som bruk av tang og tare i matproduksjon. Du må vera sosial og omgjengeleg og ha god praktisk forståing.

Ansvarsområde 2: Kunnskapsutvikling og formidling
Det er eit mål at Eide økogrend skal vera ein viktig aktør innan kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling rundt bærekraft og økologi. Vi ser difor etter deg som har pedagogiske eigenskapar og kan bidra til å lage læreplanar, kurs og undervisningsopplegg. Du må trivast med vertskapsrolla og ha ynskje om å legga godt til rette for besøkande til grenda. Til rolla ligg også å utarbeida opplevingsprodukt i samarbeid med lokalsamfunnet i Hyllestad. Vi ser etter nokon som er strukturert og har økonomisk kompetanse. Du bør vera sosial og omgjengeleg, glad i samarbeide og god å kommunisere på inspirerande vis.

Ansvarsområde 3: Bygningar og infrastruktur
Arbeidet med å utarbeide reguleringsplan for Økogrenda er i startgropa, og her kan du få ein unik moglegheit å utvikle, planlegge og gjennomføre utbygging av økogrendbustadar. Vi ser etter ein person med teknisk bakgrunn innan bygg og anlegg, og kjennskap til plan- og bygningslova. Du bør ha interesse for bærekraftige bo- og byggemåtar og erfaring frå byggeleiing/ prosjektadministrasjon. Du bør ha økonomisk kompetanse, arbeida strukturert, samt vera sosial og omgjengeleg.

modell

Modell over Eide Økogrend.

Aktuelt

Aktivitetar

Det er for tida ingen planlagte aktivitetar