Bakgrunn


Det har blitt arbeida med planar om å etablere ei økogrend i Eide i meir enn ti år, men draumen starta endå tidlegare. Den gong med Skorpa, ei øy på den andre sida av Åfjorden, tvers ovanfor Eide, som lokalitet.

For dei som levde på Skorpa var det nok små kår og eit strevsamt liv, men det var og eit levesett i tråd med naturen, og det var alltid naturen sine premissar som låg til grunn for levesettet. Innbyggjarane på Skorpa klarte seg med det dei fiska i havet og kunne produsere på eit lite gardsbruk på land. I dag bur det ikkje fastbuande på Skorpa. Dei siste drog tidleg på 60-talet.

Samling framfor huset

Då det dukka opp ein moglegheit med tilgang til eit gardsbruk på Eide gjekk draumen over i meir konkret planlegging. Magnar Eide, som er mannen bak Eide Økogrend, har gjennom åra samla mykje bakgrunnsinformasjon om økosamfunn, og han har besøkt økolandsbyar som Findhorn i Skottland og Hurdalsjøen Økolandsby nord for Oslo for å lære av deira erfaringar.

Ei økogrend eller ein økolandsby er eit lokalsamfunn som fremjar ein berekraftig livsstil basert på konsensusdemokrati og kombinerer eit godt sosiokulturelt miljø med ein lite resurskrevjande livsstil som skal vere berekraftig økologisk, økonomisk og sosialt.

Økologisk: Skape eit minst mulig økologisk fotavtrykk – dvs eit tal for kor mykje produktiv jord- og vassareal som er nødvendig for å produsere ressursane ein treng for å halde på levestandarden og for å absorbere utslepp frå menneska.

Økonomisk: Minske kostnader og avhengigheta av pengeøkonomien, og skape ei lokal næring. Lokal produksjon av mat og tenester.

Sosialt: Bustadar som har trygge rammer for sosialt fellesskap, med felles aktivitetar og samlingsstadar.

To sentrale konsept som vi har sett nærare på, og som har gjeve inspirasjon i planlegginga er:

 

inn-pa-tunetLogo

«Inn på tunet» er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel der grøn omsorg og grønt arbeid er sentrale omgrep.

Velferdssektoren treng nye måtar å møte dagens og framtida sine utfordringar. «Inn på tunet» tilbyr garden som arena for tenester innanfor mellom anna helse, omsorg opplæring, arbeidstrening og integrering.

Besøk Inn på tunet sine nettsider

 

nak

NaKuHel er forkortinga for omgrepa Natur, Kultur og Helse.

Formålet er å bidra til heilskapstenking og kreativitet omkring natur, kultur og helse for derigjennom bidra til betre helse, miljø og livskvalitet.

Etablert i 1994 av prof.dr.med. Gunnar Tellnes ved universitetet i Oslo.

NaKuHel senteret i Asker er svært godt etablert og Asker kommune er en relevant referanse i dette høvet.

Besøk NaKuHel sine nettsider

 

hyllestad

Det har vore tett samarbeid med Hyllestad kommune ved omstillingsorganisasjonen som har vore med og gjeve gode råd og å drive prosessen fram.

Besøk Omstilling Hyllestad sine Facebooksider

Besøk Omstilling Hyllestad sin blogg

Besøk Hyllestad kommune sine nettsider

Aktuelt

Aktivitetar

Det er for tida ingen planlagte aktivitetar